Norsk førstebestigning av fjellet Himlung Himal (7125) i Himalaya.

Norsk førstebestigning av fjellet Himlung Himal (7125) i Himalaya.

Reisedagbok fra vår ambassadør Monica Hundseid


Himalung himal eit fjell som strekker seg over 7125 meter over havet. Eit fjell som ligger gjømt blandt det mange dalar i nepal som er langt meir prestisjefullte og annerkjent enn phu valley. Fjellet ligg i annapurna regionen her blant annet Annapurna 1,2 og 3 ligger som blant verdens farligaste fjell. Og ikkje minst er det det eg har kalla ein av geitene mine, Annapurna av mora Himalaya.
Dalen opp mot hovudleiren til fjellet speilar seg i gammal tradisjon her sherpane lev i steinhytter med strå og leirtak. Dei melke nak kyra sine for melk, kjøtt og skinn. Også bruke dei det til transport av mat og utstyr til landsbyen. Dei dyrka det dei et, hovudel poteter, men også grønt som brokkoli og gulerøtter.



Dei er kledd i lange stakkar med føkle utanpå som syn på dei er gifte og vil stifte familie. Dei har store smil og å gir uttrykk for vennlig og gjestfrihet. Barna i landsbyen har lert å strekka ut hender for tilgang på søtsaker. Det er ein glede å få gi litt til dei som gir så store inntrykk på våras sjeler og hjerter. Det litla me gir, gir store smil, dans og glede. Alltid kjekt å få ta del og oppleva deira liv og fjerne kvardag frå våras vestlige.


Målet med turen var igjen å få dykka inn i ein ukjent verden, reisa tilbake 150 år i tid oppleva det primitiva landbrukslivet til ein urbefolking i eit av verdens eventyrligaste fjellkjedar i verden, Himalaya. På veien ville me oppleva toppen av eit 7000 meter fjell som ikkje er prega av masse-turisme, prestisje og deriblant bli norges første besøkende på himlung.
På turen hadde eg med ski, eg ville stå på ski ned fjellet. Ettersom fjellet ikkje var teknisk prega ville det vara muligt oppleva nedturen med ski på beina for første gang for min del i den austlige verden.



Veien dertil må først tilpassat. Ein må ta vara på seg sjølv, drikka vatn, få nok mat i seg og ha det bra . Men kanskje av det viktigaste å holde hovudet motivert mot målet. Ein kan føla seg sterk og beherska å leva med lite oksygen men om motivasjonen og psyken ikkje er på plass kan målet vara hardt å nå. På mt. Everest i tidligare år va kroppen min prega av mykje sjukdom gjennom heila mitt opphold mot toppen, men viljen min var ekstremt på plass for å yta det som skulle til for å nå målet. Og det klarte eg til tross for fysikken ikkje va på mi sida. Og derfor ser ein at det mesta sitte i topplåke uannsett kva mål, eller retning ein vil i livet.


Reisefølje denne gang bestod av meg, og Elisa Røtterud. Eit kvinnfolk frå motebransjen og uendelig med opplevelser frå heile verden bak seg. men no meir retta mot friluftslivet og naturen enn moteindustrien. Inspirerande dame på mange vis, og me er gode på å laga god stemning med deilig blanda galskap. Ved vår side hadde me kvar sin sherpa. eg bruke som regel dei eg har kjennskap til og veit vil strekke seg langt for å nå målet vårt, omsyn for kvarandreog gjer meg glad på tur. Tserring sherpa er 33 år, eller rettere sagt han trur han er det. Foreldra hans er usikker på kva årstall han er fødd pga primitiv levestandar i landsbyen der han kjem frå der tid og årstall ikkje alltid har den store betydingen, men han tar det til sin fordel og bytter på når det passar seg å vara ein eldre kar eller andre ganger passar å vara yngre. tilpasnings dyktig som alltids. Utenom usikker fødselsår er Tsherring min nepalske storebror, og eg er hans khanchi som betyr minste i søskenflokken.
Han er ein vanvittig sterk person i høyfjellet. Bestige fleire 8000 meter fjell etter kvarandre iløp av døgn. Omgjengelig og snill, passe på deg om du ikkje har dagen eller trenge hjelp med noko. Har storrespekt for han og hans familie som består av høgt respektert fjellklarterar. Hatten av!!



For å komme frå kathmandu til Phu valley som er utgangspunktet for starten av turen er det 14 timar i bil og firhjulstrekkar. Me kjøre gjennom trafikkerte gater i Kathmandu til øde skogsvegarsom viser deg høydeskrekk fra bilsetet til 200 meter djupe stup ned i breelvar. HMS er ikkje ein tanke ein gong for grunnlaget av vegane, køyre ein utforbi her vil ein få ein sikker død. Men til fordel for ein sjølv blir ein paralisert av landsbyer og dei kvite fjella som strekker seg til vers i det fjerne som tar vekk dødsangst og skremsel å havna på hovudet ned i ei breelv.

Me er eit lite følge som reiser ilag. Oss og sherpaene. Me får hjelp til det meste av baggasjen oppover. Eg likar best å hjelpe mest mulig til, bere så mykje som er mogleg sjølv. Eg har reist med tung sekk før i høgden så ein tåle meir enn ein anar, så eg bidrar. Dei fleste andre turistar har kamera i sekken og ei flaske vann... and thats it! Eg tenke at dei fleste bør ha så pass vet å bere meir enn som så i fjellet, mange tar med seg altfor mykje opp i fjellet. Utstyr på 30, 40 og 50 kilo! Det er for mykje, ein berar får samme betaling om han bere 20 eller 40 kilo på ryggen. Det er ikkje greit! Skal ein inn i fjellet med så mykje drit av baggasje bør ein ta ansvar for å bere store deler av den sjølv. Eg hadde 26 kilo med meg inn i fjellet, minst 10 kg berte eg av den sjølv som gjer at beraren treng berre å bere Max 16 kilo av min baggasje. Til ettertanke for mangen!



Pust inn, pust ut. Prøva å få mest mulig utbytte av oksygenet som ein pustar i. Dagane gjekk og me passerte unike og gammeldagse landsbyar. dei ser fråflytta ut men somme plasser bur det 3 stykker, andre 17 stykker. Landskap gir uttrykk for me nerma oss Tibet. Landet nordmenn ikkje har hatt adgang til på mange år på grunn av uenigheter med China og Norge om ein utdelt nobelspris. Eg får følelsen av afganisthan, tungt bevæpna amatør soldatar vil komma til syne…men sannheten er kun små fine sherpa familiar som leve i fjellsidene med sitt primitive jordbruk som prøve å overleva vinteren med det dei hausta inn løp av årstidene.


Me nådde hovedleiren løp av 6 dagar. Me var rastlause og var ikkje klar for å oppholde oss i basecamp meir enn nødvendige. Me ville opp, akklimatisere oss godt og støta mot toppen. I basecamp ete me god mat, me møte på gamle kjente, og nye fjes. Personlige så lika eg best å vara med sherpaene eller med meg sjølv i teltet. Hovudleirar blir ofte eit samlingpunkt for mange drømmar, men og skryting, og prestisje. Det lika eg ikkje, eg har aldri holdt på med lange turar og høge fjell for status. Men det er dyre turar som følgje med status. Normalt pleie eg å snakka lite om kva eg har gjort eller kvar eg vil. Fordi når du er ei unge jenta med langt lyst hår er du ei målskiva til å bli slengt leppa etter. Spesielt frå kvite, rike menn. Eg blir kvalm. Og kunne egentlig tenk meg å vist den lange fingeren til dei mange ganger men det er lågmål og føre ingen nytte for nokon. Tenke alltid at me får måla krefter på toppnåttå så ser me kven som snakkast på toppen.



Puja er ein kjent og viktig tradisjon me gjennomfører saman med sherpaene, og lamaen som held tråd i seremonien. Me spør om tillatelse å klatre gudinna, som er fjellet. Og lykke på vegen.Me drikk øl, kosa oss. God mat, dans og joik blir faktisk og med på laget. Me er glade for me får ta del i ein slik fin tradisjon, me vise respekt. 
Etter pujaen er det berre å vente på klarsignal frå himmelen. Om veret er stabilt nok til å kunne besøke toppen. Me trenge 3 stabile dagar før toppen er mulig. Me høyre fleire store lag har snudd grupper pga høg vind og kalde tempraturar. Me høyre temraturar ned i minus 40 kuldegrader, vind i opp i 17 m/s …som kan oftast føre til frostskader. Me venta 3 dagar i hovedleiren før vårt klarsignal var godkjent. Eg var så rastlaus …eg var så klar.

Spent for å renne på ski ned frå 7000 moh. Eg har stått på ski så lenge eg har kunne gått. Men eg ingen skikjøyrar, men eg er ikkje så opptatt at alt ska vara så perfekt og statsleg, det ska funka og då er det godt nok for meg. Det er slik ein lere av å utfordra seg sjølv. Eg har kjørt bratte grader før, men med telemarkski. Denne gang sko eg prøva ranodee ned, eg trur eg var 11 år sist eg hadde rando på beina. Dei fleste syns eg er gal, at eg burde trent, planlagt og styrt meir men då ville ikkje dette vore eit eventyr. Måten eg gjer det på nå er spennade, byr på risiko og eventyrligt.


Camp 1 er fylt med tonn på tonn med sandhaugar og store Steinar. Meir eller mindre eit grustak. Gleden er større då me ankomme camp 2 etter ei natt i forje teltplass. Søvnen var ok. Overnatte på 5500 moh kan bli bedre men heilt overkommelig med ein kropp så er godt akklimatisert mot høgden. Planen var å støte direkte frå camp 2. Kl 23 30 på natta. Det er uhyggelig start på morgonen. Stå opp etter 2,5 timar søvn for da igjen gå i 18 timar i strekk. Toppnetter er det verste og det finaste på jorda, men mest vond.
Me Går gjennom natta. Det er minus 45 kuldegrader. 15 m/s. Det er kaldt, og lett å få forstskader. Eg dekke over gamle arr frå toppen av mt. Everest gav meg åra før. Er ein uoppmerksom, skjer feil og ein lera som regel av dei, men store feil er ofte umulig å rette opp igjen. Kun tilpasnings mulige.



Me møtter vegger som er 70 grader bratte. Det blåse harde snøkrystaller rundt oss. Elisa er lengre foran meg. Eg sloss litt med motivasjonen. Toppen blir plutselig ikkje så viktig. Eg har skia på ryggen. Eg kjenne eg burde ha meir å gi. Meir krefter å kvila på. Tserring gir meg varm te frå thermosen. Han ser eg ikkje er lika sulten så eg burde. Eg er i tillegg kald på beina. "Khanci you can do it, just a bit further". Gode omtenksomme ord frå Tserring gir motivasjon. Steg for steg tok oss nermare toppen, men med mindre energi. Eg la frå meg skia før toppen, Åsnes skia som sko ta meg ned igjen. Eg fraskreiv meg drømmen om å suse nedatt brattveggene med ski. Det krevde for mykje energi, eg ikkje hadde. Risikoen for å mista kontroll var for stor. Me tok oss opp påtoppen etter elisa og hennar sherpa hadde vart der. Det tok ein time ekstra. Me smilte og tok bilde av oss på mange tusen meter mot himmelen. Me var glade men slitne. Iallfall eg var sliten. Toppen gidde oss 5 minutter, det blås så kraftig at me tok fatt i returen kort etter ankomst. Me skulle tilbake til basecamp samme dag. På returen begynte eg å fantasere om at eg var med i ein film og ulike senario skjedde rundt oss, det er tein på kroppen er trøtt og trenge meir oksygen og kvile. Kanskje litt å drikke også.Det sama skjedde i tøft ver over 8000 meter før, då er det på tide å ta turen mot havoverflata.


Ned frå fjellet sprang lopper i blodet mitt. Eg spang i same skoa gjennom dalen som hadde tatt med til toppen, Juvass av Alfa. Eg var klar for å komma him igjen til vestlandet, energien kom på topp igjen etter ei 0,5 liter flaska cola. Eg ville him og det raskt. Bestemte meg for det at eg skal ta ein pause frå Nepal ei stund, eg har bidratt til økonomiske fordeler, vennskap og gode minner. Nye eventyr stod for tur.

Følg Moa videre på @moahundseid