Klar for ein tur med spektakulær utsikt? Her er min favorittfjelltopp - Bakkanosi!

Bakkanosi

EG VEIT IKKJE OM EG TRENG Å FORKLARE KVIFOR DETTE ER FAVORITTFJELLTOPPEN MIN - BERRE SJÅ PÅ DEN FANTASTISKE UTSIKTA!

I fjor tok eg med meg storesøstra mi opp. Ho fekk gåvekort på denne turen til bursdagen sin frå meg og Sandy. Eg tenker at ein ikkje alltid treng å kjøpe dyre ting, men heller sette av tid og dele opplevingar med dei ein er glad i.

Turen startar frå Jordalen. Det er parkering ved gamle Jordalen skule. Herfrå følger ein fin, gammal traktorveg som snirklar seg bratt oppover til Slettestølen.

Ved stølane er det perfekt plass for ein liten kvil i beina og drikkepause. Eg og Sandy las litt om historie frå Slettedalen på eit nytt skilt som er kommen opp. Eg synast alltid det er kjekt å kunne lære noko nytt om stader ein ferdast.

Inst i dalen startar stigning igjen, med ei brattare kneik med sti, fortsatt på venstre side av elva. Heilt nede delar elva seg i fleire små bekkar som ein må krysse, men hald deg på venstre side av sjølve hovedelva. Etter ei lita stund med høg puls og kanskje nokre svettetårar, kjem du opp til eit vatn. Dette er ein bra plass for ein liten rast. Om det blåser mykje kan det vere lurt å spise litt av matpakka her, og kanskje unne seg ein liten kopp kaffe. No skal ein vidare opp i høgda, og det er ikkje sikkert det er så fristande å sitte på toppen å ete når vinden tar i.

Eg elskar kaffefilteret mitt! Brukar det både heime og på tur


Vidare herfrå er terrenget meir steinete, og litt meir krevande å gå i. Ein kan gå langs begge sider av vatnet, men eg likar best å halde meg til venstresida, og fortsette skrått oppover mot høgre på andre sida. Følg vardane vidare. Den første varden kan vere litt vanskeleg å få auge på, men ein kan faktisk sjå den frå vatnet Derfrå er det godt med vardar heile vegen til toppen. Noko snøfonnar var det då eg gjekk der på laurdag, så høge sko er å anbefale tidleg i sesongen. Eg gjekk med mine Walk queen air, og dei gjorde jobben sin. Godt grep, tørr på beina gjennom myr, bekkar og snø, og mykje lettare enn vanlege skinnstøvlar.


Luktar det godt, Sandy?

Heile turen er på ca. 18 km tur/retur, så det er greitt å ha noko turerfaring før ein går laus på denne turen. Ein kan rekne 4-6 timar tur/retur, dette inkluderar ikkje så mykje pause. Hugs å sett av tid til å ta bilde på toppen, og om været er bra, så er det den aller flottaste lunsjutsikten ein kan ønske seg! Eg sat i 1 og ein halv time på toppen. Eg var heldig med veret, det var sol og lite vind. Eg spiste mat, lagde meg kaffe, koste med Sandy, tok bilde, og naut den spektakulære utsikta! Fjordar og fjell så langt ein kan sjå, det kan eg like.

Håpar du vart inspirert og kanskje tar denne turen seinare i sommar!